Stabbesteinsvegen

Stabbesteinsvegen er eit om lag 7 km langt vegstrekk på austsida av Osterøy, i Vaksdal kommune, Vestland fylke. Nærare bestemt den del av Blomdalsvegen som går opp stupet frå Grøttå og endar i Heggebotn, med sideveg til Hesjedalen.
Anleggsarbeidet tok til i 1909 og var i hovedsak ferdig 27 år seinare. Mykje av anleggsarbeidet stod bygdafolket for som pliktarbeid.
Tidsvitne: Den då 95 år gamle Johannes Blomdal, som både var arbeidsformann og førte rekneskap for vegbygginga vart intervjua i bladet Bruvik 24.01.1964. Han fortel mellom anna dette: Gardbrukarane sende brev til Bruvik heradstyre med krav om veg ned til sjøen. Ein ingeniør frå vegkontoret hadde stukke vegen og kostnadsrekna den til kr 72.000. Det vart i første omgang avslag i heradstyret, og bøndene vart tilrådd å søkje om ein rideveg, den kunne ein få for kr 48.000. Det ville ikkje bøndene og etter kvart vart det søkt om midlar til bygdeveg, då ville både stat og fylke vere med på finansieringa. Bøndene måtte teikne seg for pliktarbeid, og dette kunne vere opp til 35 dagsverk per år.
Så kom arbeidet med vegen i gang 3. juni 1909, fortel Johannes Blomdal i intervjuet. Arbeidet starta ved Sætre, og ein arbeidde seg nedover mot sjøen. Det meste av arbeidet var pliktarbeid, men vegkontoret hadde og eit arbeidslag.
Pliktarbeidet varte i 10 år, men det tok 27 år før vegstrekket stod ferdig. Den samla kostnaden for veganlegget vart kr 164 714,30 fortel Blomdal.
Nyare historie: Eit ras øydelagde i 2013 eit stykke av vegen i Høgaløype. Vegen vart istandsett i 2021. Ei eigen Faceebookside Blomdalsvegen / Høgaløype fortel utførleg om dette i tekst og bilete, like fra start av vølinga våren 2021 til åpning ved ordførar i Vaksdal kommune 28.08.2021
Stabbesteinsvegen i 2021: Vegen framstår i dag stort sett slik den var. Langs vegen ser ein fleire stader fine støttemurar, og framleis står her om lag 1750 stabbesteinar, noko som har gjeve foreninga Stabbesteinsvegens venner sitt navn. Den mest særmerkte strekninga på vegen er opp stupet frå Grøttå til Sætre. På staden Høgaløype, er årstalet 1911 skrive i berget.
Kulturvegen er ein mykje brukt turveg, men er og tilkomst får grunneigarar og hytteeigarar. Deler av vegen er registrert som kulturminne i Vaksdal kommune.
Frå 1990 talet og fram til i dag har drift og vedlikehald av vegen vore utført i form av dugnadsarbeid ved at grunneigarar, hytteeigarar og andre frivillige har lagt ned mange tusen arbeidstimar for å halde kulturvegen i farbar stand. Vaksdal kommune har bidratt når større utbetringar har vor naudsynte.
Foreninga Stabbesteinsvegens venner: Foreninga Stabbesteinsvegens venner vart stifta 21.04.2021. Formålet til foreninga er å bidra til bevaring av kulturvegen.
Foreninga skal arbeide for at kulturvegen skal vera trygt farbar, og så vidt mogeleg framstå med same standard og vegbreidde, dekke, stabbesteinar mm som då den vart bygd.
Stabbesteinsvegens venner vil, på frivillig basis, bidra med midlar til vedlikehald av kulturvegen og etter evne og ynskje ta på seg andre relevante oppgåver knytta til denne. Foreninga skal arbeide tett mot Høgafjell Sør Grunneigarlag som administrerer vegvedlikehaldet, men også med andre, herunder Vaksdal kommune som vegeigar.
Årskontigenten for medlemskap er kr 100. Du vert medlem ved å vippse eller på annan måte overføre dette beløpet til konto 36262789076 eller tlf nr 700699.
Brønnøysundregisteret har avslått søknad om grasrotmidlar, då vegen er kommunal.

Noen ganger om vinteren deler jeg veien kun med reven. Det kan være tungt å gå de tre kilometerne til gården på snø og isbelagt vei. Tankene mine går til de som bodde her for lengesiden. Noen av barna måtte gå flere kilometer i tung snø for deretter å ta båten over til skolen på Stanghelle.
Om du vil støtte arbeidet med veien, eller vil lese mer og bli kjent med ildsjelene som jobber for å holde veien ved like, trykk på facebook ikonet under. Den fører til en facebookgruppe som er knyttet til støtteforeningen Stabbesteinsvegens venner. Ikke vær redd for å ta kontakt, det er vi bare glade for.